top of page
  • Forfatterens bildeJordskifterlaget

Bedriftspresentasjon med DA og Jordskifteretten

Onsdag 7. oktober hadde Jordskifterlaget gleda av å få besøk av to dyktige karar og tidlegare Ås-studentar. Nærare bestemt jordskiftedommar ved Sunnmøre Jordskifterett, Axel Bjørklid og rådgjevar i Domstoladministrasjonen, Joachim Ingels Hellemsvik. Bjørklid innleia med ei fin innføring i sivilprosess med eksempelsaker frå eigen praksis i Jordskifteretten, medan Hellemsvik mellom anna kunne fortelle kva DA kan tilby studentane, enten det gjeld sommarjobb, masterstipend eller fast jobb. Dette var kjekt å få med seg, og tida flaug fort! Jordskifterlaget takkar og håpar på snarleg gjensyn!


DA sin Powerpoint-presentasjon er lagt ut under 'Dokumenter' for dei som ynskjer å friske opp hukommelsen litt!





49 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page