top of page
Forfatterens bildeJordskifterlaget

Årsmøte

2015 nærmar seg slutten, og årets styre i Jordskifterlaget må vemodig innsjå at vår tid ved roret snart er over. 24. november blei det difor halde årsmøte for å gå gjennom kva styret har gjort dette året, samt velje nye styremedlemmer. Om det skuldast dårleg vêr eller at NMBU-kora hadde konsert i Ås kyrkje seinare den kvelden er uvisst, men oppmøtet var dessverre labert denne gongen. Heldigvis tok dei frammøtte att dette i engasjement! Likevel blir det nødvendig med eit ekstraordniært årsmøte i jan/feb, der stillingane serkretær/webansvarleg og internasjonalt ansvarleg skal bli fylt.


Me kan ikkje få understreka nok kor spennande, sosialt, givande, lurt, utfordrande og fantastisk moro det er å ha eit verv i Jordskifterlaget, og me håpar difor at kampen vil vere hard om dei to siste verva etter nyttår!


I mellomtida ynskjer me å gratulere det nyvalde styret som skal ta Jordskifterlaget til nye høgder i 2016! Med så flotte folk ombord kan det ikkje bli anna enn bra!



49 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comentarios


bottom of page