top of page
  • Forfatterens bildeJordskifterlaget

Jordskifterlagets Jolebord!



Jordskifterlaget ynskjer velkomen til årets siste event og store høgdepunkt!

Denne kvelden kjem det både til å bli servera noko godt i glaset og tradisjonell jolemat frå Den Blinde Ku! Drikke utover dette tek de med sjølv.

Innslepp skjer mellom kl. 18.00 og 18.30! Dresskode: Pent (Les; mørk dress og pen kjole)

Påmelding til årets jolebord skjer som fylgjer: Send mail til okonomi@jordskifterlaget.no merka med "Jolebord".

Mailen skal innehalde: - Fullt navn - Studieretning - Årstrinn - Medlem/ikkje medlem av Jordskifterlaget - Dersom du ikkje er medlem av Jordskifterlaget skal du også opplyse om du er medlem/ikkje medlem av Samfunnet.

Betaling skjer til kontonr. 1654.25.15582. Merk betalinga med fullt navn. Prisen er kr 300,- for medlem, og kr 400,- for ikkje-medlem. Prisdifferansen skuldas at ikkje-medlemmer også betalar for årsmedlemskap i Jordskifterlaget!

Påmeldinga er fullført og bindande når økonomiansvarlig har registrera mail og innbetaling, og du vil då få ein bekreftelse via mail tilbake.

Fristen for påmelding er 10. november. Me har imidlertid begrensa plassar og fylgjer difor fyrstemann til mølla-prinsippet. Det er altså lurt å være tidleg ute for å sikre seg plass! :)

Meld deg på i dag og bli med på eit jolebord du seint vil gløyme!

Me gledar oss til å sjå deg! Kjærleik frå Jordskifterlaget❤️

19 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page