I dag, tysdag 27. oktober, var Jordskifterlaget så heldige å få Einar Bergsholm til å snakke om "Subjektive forhold ved rettsanvendelse". Foredraget tok for seg både den historiske utviklinga, det filosofiske pespektivet og føresetnadane ein må legge til grunn for den konkrete rettsanvendelsen. Korleis psykiske forhold skal tolkast og knyttast til rettsreglar er interessante spørsmål, særleg når det kjem til rettens bevisvurdering. Sannsynlegvis brant studentane mykje energi på å fundere over temaet, for pizzaen i pausa gjekk ned på høgkant!
Jordskifterlaget rettar ein stor takk til Einar, og håpar alle frammøtte kunne gå heim gode, mette og litt klokare!
PowerPointen frå foredraget er lagt ut under 'Dokumenter' i tilfelle nokon vil ta ein ekstra kikk på den.
Jordskifterlaget vil også nytte anledningen til å minne om Halloweenvorset som blir arrangera saman med Molekylet førskommande fredag 30. oktober i ABC-kjellaren! Etter enkelte av styremedlemmenes kostymeprøving å dømme er det fortsatt store sjansar for å stikke av med seieren for beste komstyme, sø møt opp!
Me gledar oss! :)
Comments