top of page
  • Forfatterens bildeJordskifterlaget

Halloweenvors

Fredag 30. oktober gjekk Molekylet og Jordskifterlagets Halloweenvors av stabelen! Musikk, geleshots med futt i, leikar importert frå Nordisk Møte i Danmark og ikkje minst mange feststemte studentar førte til ein svært livleg kveld! Kostyma viste seg i alle former og fargar, både skumle og humoristiske. Me er mektig imponert over både kreativitet og skills!


Bildebonanzaen av heller middelmådig kvalitet kan jo tyde på at det var ein artig kveld, det kan iallefall styret skrive under på! I den anledning kan det nevnast at det nærmar seg årsmøte og val av nye styremedlemmer. Dersom du kunne tenkt deg å vere med på å ta Jordskifterlaget til nye høgder oppfordrar me deg til å stille til val. Betre tilskot til studiekvardagen ein eit slik styreverv skal du leite lenge etter! Bare nevner det.


Jordskifterlaget takkar for ein knakande flott kveld, og håpar me ser alle sammen for litt fagleg påfyll med Statens Vegvesen neste veke!



22 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page