top of page
  • Forfatterens bildeJordskifterlaget

Fagkveld med Statens vegvesen

Tysdag 10. november arrangerte Jordskifterlaget og Statens vegvesen fagkveld. Tidlegare Ås-student Svend Martin Oppegaard fortalte om sin jobb som grunnervervar i SVV. Han kunne også forklare dei juridiske rammene for oreigning (ekspropriasjon) på ein enkel og forståeleg måte, og det blei løyst konkrete case-oppgåver. Foredraget var virkeleg nyttig for dei som har eller skal ha EIE320, og mange smarte studentar hadde tatt med lovsamlinga og møtt opp!


For dei som ikkje var lure nok til å ta turen, kan me opplyse om at informasjonshefta som blei delt ut under foredraget nå er tilgjengelege utanfor kantina på Akropolis/Ormen Lange.


Dette var haustens siste faglege arrangement, og nå er det jolebord og årsmøte som står for tur!


Styret takkar for oppmøtet, og ser fram mot eit rektig festleg lag fyrstkommande laurdag!



73 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page